Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Temakveld "Ullbroderi"

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Thu, November 12, 2015 11:07:23
Onsdag 11.november hadde vi temakveld "Ullbroderi".



Medlemma hadde tatt med ulike døme på broderi med ulltråd vi kunne studere på, det er eit hav av muligheiter i val av teknikkar. Fordelen med bruk av ull i broderi er blandt anna evnen den har til å dekke underlaget godt og fylle jamnt ut. Her er nokre av dei flotte broderia som fann vegen innom lokalet vårt denne kvelden.




Området vårt er jo rikt på ullbroderi i samband med bunad og drakter, og her var også mange flotte døme på det. Mellom anna to huer fra ulike eigarar men med samme mønstermal.


Eit flott fagerikt brodert stykke i sterke fargar med ukjent bruk og mange andre flotte ting.





  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post77

Plantefarging

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Thu, May 28, 2015 09:39:21
Onsdag 27. mai hadde vi vårens siste medlemsmøte og hadde også denne gongen planlagt tema som kan passe til Norges Husflidslags fokustema "Ull" med å ha litt om plantefarging.


Cathrine Yksnøy gav eit innblikk i bruk av fargestoff frå naturen. Det vert ofte omtalt som plantefarging, men er litt misvisande da det opp gjennom tidene, og fortsatt er nytta fargemateriale fra både planter, lav, sopp og enkelte dyr.

Vi fekk vite litt om bruken og utviklinga innafor dette temaet gjennom tidene, både på verdensbasis og her til lands. Dei eldste funna er datert tilbake 4000 år i Østen og Egypt, mens vi her i Norge finn spor tilbake til tidlig vår tidsrekning.

Vidare fekk vi høre om kva fargeemne vi bruker for å få dei ulike fargane. Spesielt spennande var det nok å høre om den unseelige kvit/grå laven -korkje som vi tråkkar på rundt om på steinane her ute ved kysten. Den kan gje ein fantastisk rosafarge, og i og med at den har vore så lett tilgjengelig her har den hatt ein viktig plass i åkletradisjonen er på Vestlandet. Dette var også ein av dei få eksportartiklane til farging av tekstilar vi hadde her i Norge. I følge tolldokument har denne utenlandshandelen foregått i alle fall frå tidlig 1300-talet og vedvarte til ut på 1800-talet.

Ein link til ei sider der ein kan sjå fargen og korleis ein framstiller den her

Dernest vart det litt info om å forebu ullgarnet til farging med vask, beising og forknyting.

Så no gler vi oss til å kunne starte opp hausten med ein dag i tradisjonsrike omgjevnadar og prøve litt av dette i praksis ein onsdag med fokus på trivsel og sosialt samvær. Meir info om denne dagen kjem på heimesida vår og facebook på seinsommaren.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post66

Temakveld "Hakking"

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Mon, May 25, 2015 20:29:45
Onsdag 8.april var vi invitert på temamøte om hakking hos Volda husflidslag

For dei som hadde lyst til å prøve var det berre å ha med seg egna utstyr for testing etter gjennomgang av teknikken.


  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post61

Kvardagsenglar

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Tue, April 07, 2015 20:34:51
Onsdag 11. mars hadde vi årets første medlemsmøte. Siden ull er Norges husflidslags store satsingsområde dei neste 3 åra passa det strålande å få besøk av Wenche Haddal med kvardagsenglane og dei andre ullprodukta sine.


Wenche fortalte litt om ull og hinna forkjærlighet til den. Fram frå glemselen hadde også nokre av det gamle ullundertøyet komt, og var no i bruk igjen.


Wenche bruker mange former for ull og ho syr alle saumer for hand. Ho syr herlige "minisauer" av feller til bruk som pute, fotskammel eller kva ein ønsker. Vidare nyttar ho ulike former for ullfilt, eller strikker skjønne unike luer. Ho kombinerer også gjerne alle formene av ulle i eit og same produkt også.


Er du nyskjerrig på kva ho tryller fram er det berre å kike innom henne på netter. Du finn ho inne på sida Kvardagsenglar


Små barberte skinnrestar kan forme fantastiske fjelllandskap -berre å fantasere og kose seg!!



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post57

Temakveld og strikkekafé med besøk

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Tue, April 07, 2015 13:44:07
Onsdag 25.februar hadde vi strikkekafé med voldingane på besøk, og i tillegg kom Ingrid Salt frå Volda Mode.

Det klirra bra i pinner blandt dei vel 40 frammøtte og det var ein koselig stemning sjølv om det var litt trangt om saligheita.


Ingrid hadde tatt med seg fantastisk mange flotte hefter til inspirasjon for vårens nye strikk i tillegg til mykje spennande tråd.

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post55

Hjertelig

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Sat, January 17, 2015 18:02:10

Ein god gjeng møtte fram til det siste medlemsmøtet før jul som hadde eit "hjarteleg" tema. Dette er ei av dei elste dekorative formene ein kjenner og skriver seg 1000vis av år tilbake i tid.


Arne Ola Grimstad hadde ei humoristisk vinkling på hjartet. Eit artig innslag om hjartet som organ, som form og dets symbolikk.

Vidare fortalte Solveig Grimstad og Cathrine Yksnøy litt om juletreet og hjartet som symbol i historien og dets tilknytning til jula. Og om dei tradisjonelle fletta julehjarta.

Etterpå vart det deilig mat og kaker som ulike medlemmar hadde hatt med seg på fat.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post49

Temakveld "Sprang"

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Sat, January 17, 2015 15:46:01
22. oktober reiste nokre av oss til Volda for å få høyre og sjå Dagfrid Liaskar som meistrar teknikken sprang.


Dette er ein teknikk ikkje mange praktiserar lenger. Ho synte oss korleis ein jobbar og ein del av dei flotte tinga ho har laga.


Her var det mange flotte sprangarbeid som pryda løparar, vesten ho har på seg, gardiner og meir.

Vi fekk tydelig sjå at det var eit konsentrasjonsarbeid!







  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post45

Shetlands ull

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Sat, January 17, 2015 15:26:26
15.oktober

Meir info kjem

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post43
Next »