Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Temakveld "Nupereller"

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Sat, January 17, 2015 14:31:11
Onsdag 1.oktober hadde vi temakveld om nupereller saman med Voldingane.


Torhild Øie kom og delte av sine erfaringer med nupereller som ho hadde lært seg å slå av si mor.


Vi fekk sjå ein lekker kjole ho hadde sydd sjølv og pryda med ulike lekre små nupreller ho har slått, sammen med mykje anna.

Ho gav oss også eit lite lynkurs i kunsten å slå nupereller.




  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post42

Temakveld "GRYTEKLUTAR"

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Wed, May 21, 2014 21:36:06
I kveld var det temakveld i regi av Volda husflidslag


Vi fekk eit kjekt innblikk i grytelappens historie, kva tid dei dukka opp i skrivne kjelde, tidstypiske teknikkar og bruksområde.

Etterpå kunne vi sjå nærare på alle dei ulike gryteklutane som var utstilt. Ein som var det aller første lille forsøk, -og vart aldri par. Mannogkone-gryteklutar, som var hekleteknikktrening på skulen. Gryteklutar som berre kan være pynt og andre som er til kvardagsbruk. Hekla, strikka, sydd og hakka, mange ulike teknikkar og utformingar.



Etterpå var det kaffi,kaker og åresalg med flotte premiar. Ein kjekk kveld!!



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post37

Temakveld "PYNTEHANDKLE"

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Tue, May 06, 2014 11:03:52
Onsdag 23. april var det igjen temakveld her i husflidslokala.


Denne kvelden var temaet pyntehandkle. Heile lokalet var bokstavlig talt fullt av hankle, dei hang over alt. På hyssingrekker på veggen, på stokkar mellom hyllen, på rør i taket, på vevane, ja -rett og slett over alt. Vakre pyntehandle i ulike teknikkar, fargar og aldre. Her var aplikerte, vevde og broderte. Nokre kvitt på kvitt, andre farge tråd mot lyst stoff og enda andre i fargerike stoff med fargerike broderi. Eit fantastisk mangfold av eignalutar som vanligvis hører heime blandt medlemma her i Ørsta husflidslag.



Leiar Anne åpna med eit kort historisk innblikk om navnet og bruken av pyntehandle, før Ellen Johansen fortalde om tidligare vask og stell av tekstilar. Ho fortalde om tida da alt var manuelt, om tiltak for å forenkle og lette arbeidet med vasken og vidare om da den første vaskemaskina kom i hus her i Ørsta. Vi fekk høre korleis den virka, og litt om den vidare utviklinga og moderniseringa av maskinene.


Etterpå vart det kaffispleis, loddsal og muligheit til å studere dei flotte handdukane.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post36

Temakveld "VOTTAR"

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Tue, May 06, 2014 10:20:47
Onsdag 26. mars var det klart for temakveld hos Volda husflidslag.

Kjem meir her.

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post35

Gjenbruk

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Thu, March 06, 2014 11:15:45
I går hadde vi årets første medlemsmøte. I tråd med at det var askeonsdag passa temaet Gjenbruk godt med dagen.


Leiar Anne Rishaug åpna med nokre ord om tydig og opprinnelige tradisjonar rundt fastelaven og fasten, før ordet gjekk vidare til Randi Langeland Mork og gjenbruk.



Randi gav eit bilde på gjenbruk bakover i tid, som ofte var eit resultat av nøysomheit, kostnadsbesparelsar og personlig knytting til ulike ting.

Til dømes kunne eit klesplagg som vart utslitt av ein vaksen verte eit plagg til eit av barna i familien ved å nytte dei beste stykka, for sida å gjere teneste som stripene i ei fillerye når det igjen var utslitt.

På bildet over syner ho fram ein dåpskjole som tidligare var ein brudekjole.
Randi hadde vidare mange døme på tekstilar med og uten broderi som fekk eit nytt liv og dermed fikk komme til heder og verdigheit igjen etter møte med hinna saks og symaskin. Vakre broderidetaljar frå dukar og brikker fekk sentrale plassar på puter og ulike vesker og poser.






  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post32

Temakveld "RUTER"

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Thu, February 27, 2014 18:35:03
I går var det nok ein ny start på lokala!! Det er no sett opp eit sammarbeid om temakveldar med Volda husflidslag, og denne onsdagen var første gong. Og etter kvart var alle stolane her i Ørsta fylte :)



Kveldens tema var hekla ruter. Og vi er så heldige å ha vår egen hekledronning, så dermed var det i kveld Solveig Grimstad som viste, forklarte og innspirerte oss med eit utall av ruter.


Ho hadde tatt med seg litt av det ho har skapt, -og det var ikkje reint lite det heller ;) Vi fekk sjå mange teknikkar og kor dei kunne gje ulike utrykk avhengig av fargar, størrelser og sammensetningar. Og det var ikkje fritt for at nokre fekk lære og teste ut nye teknikker under veiledning frå Solveig utover kvelden.


Det var også tid til ein kaffipause med litt, men for mange vart det mest som eit følge atmed uttestinga. Bak på kjøkkenet var det stadig nokre frå styret og sørga for meir kaffi i alle fall :)


Vi gler oss no til neste temakveld som skal være onsdag 26. mars 18.00-21.00 i Volda, med tema vottar!!









  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post31

Adventsmøte

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Thu, December 12, 2013 11:25:45


Årets adventsmøte hadde vi i selskapsloka øvst oppe her i Bruksbutikken. Kvelden vart opna med vakker sang og musikk frå Kirsten Grimstad og Espen Aarseth.

Etter fekk vi muntre ord om Vigramør av Anders Roald, ein slags nesten-oppskrift og ein deilig smakesprøve attpå.


Så vart det rjomegraut og spekemat etterfulgt av eit lite sunnmørskakebord,
-vart jammen litt til overs denne gangen og ;)


Nokre kjekke bordkonkuranser og eit lite lotteri var det også plass til. Ein riktig koselig og kjekk kveld som avslutning på årets husflidsår!



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post25

Røysterettsjubileet

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Wed, September 11, 2013 22:41:22
Haustsesongen er allerede i gang på onsdagskveldane. Og i kveld var sesongens første medlemsmøte.


I år feirer vi 100 år med røysterett for kvinner.

Så mens strikkepinnene klirra flittig fekk vi høyre om kvinners rolle og plass på veg inn i politikken her i Ørsta og Volda, og på landsbasis. Historikar Kari Hasle gav oss eit godt innblikk i den lange vegen fram til i dag.

Og etter ein pause med godt snakk og mat fekk vi siste nytt og planane vidare for hausten frå leiar Anne.


Vi går ei spennande tid i møte med fleire aktivitetar og flytting til nye lokaler i haust. Det var heller ikkje tvil i at nokre klart hadde ein teft for å invistere i dei rette lodda ;)



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post13
« Previous