Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Veving

VevstovaPosted by Cathrine Yksnøy Thu, November 12, 2015 10:35:54
På vevtorsdagane er det godt med aktivitet også denne torsdags formiddagen 17.september og nye oppsettingar er under planlegging


mens Elbjørg svinger rennebommen til golvtepperenning og Rigmor bedriv finarbeid i brikkeveven.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post73

Vevstova

VevstovaPosted by Cathrine Yksnøy Thu, November 12, 2015 09:26:05
Det er aktivitet med ulike bindingar på fleire av vevstolane no i mai også.


Her er tavlebragd i sarte pastellar og holbragd i tradisjonsrike fargar


Den lille veven med brikker i tynn tråd i dreilsbinding er også klar til små kunstverk.





  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post68

Nytt på gang

VevstovaPosted by Cathrine Yksnøy Thu, January 22, 2015 19:55:44
Nytt år og nye sjansar!!


Det har komt ny renning i eine veven, og hovling i tavlebragd er i gang.

I golvteppeveven kjem dongeribuksene til nytte og vert eit herlig avstemt teppe i blåtonar





  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post52

Vev

VevstovaPosted by Cathrine Yksnøy Sun, November 03, 2013 20:56:18

I vevstova produserast det flittig. Det er nok litt ekstra stor aktivitet no i og med at det er om og gjere å få vevd mest mulig fram til vevane skal flyttast til nyelokala. Og i denne veven vert det "trylla fram" nydelige løpara og handdukar i bomull og lin :)

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post20

Skilbragd

VevstovaPosted by Cathrine Yksnøy Wed, May 22, 2013 22:36:58

I vevstova var siste oppsette vev tatt i bruk :)

Det har over ei periode vore gjort ein strålande innsats for å sette opp ein vev med skilbragd i. Dette er ein teknikk der ein vever med ein underbinding i lerret i tillegg til ein mønsterbinding. Ein nyttar ofte tynn bomullstråd i renninga med innslag i bomull eller lin i lerreten og gjerne ull i mønster. Alle trådane må hovlast fleire gongar, først i lerretsbindinga og etterpå i mønster over fire skaft. Og som om ikkje det er nok må ein tre nesten kvar tråd på fleire av mønsterskafta. Så det er eit tidkrevande arbeid med full konsentrasjon, men for eit vakkert resultat det vert etterpå!!

Etter noko plunder med skillet i veven er den no altså i gang, og vi gler oss til å sjå alle dei vakre teppa som kjem ut av dette oppsettet

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post10

Vår i veven

VevstovaPosted by Cathrine Yksnøy Wed, April 24, 2013 22:23:10

Ei fillerye i rosengang lyste virkelig av sol og vår mellom alt regnet, -og haglbygene, på vevstova i dag! Tekstilar i herlige friske fargar har blitt klipt opp til filler og er på veg til å få eit nytt liv ved snart å spre solskinn på nokon sitt golv :)

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post7