Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

17.mai

YmsePosted by Cathrine Yksnøy Mon, May 25, 2015 22:08:27

Det vart pynta på husflidsvis i eine vinduet våra

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post65

"Nye" stoler

YmsePosted by Cathrine Yksnøy Wed, January 15, 2014 21:56:03
Dei siste dagane har det vore intensiv ryddeaktivitet i lokala våre, vi vil være klare til å ta til med det nye året i koselige omgivelser!!

Siste del i denne omgang vart fornying av dei trekte stolane våre. Dette var på ønskelista, men at det skulle skje no vart eit resultat av klare impulsive handlingar.

Så litt som ved at trylleslag var det "plutselig" gjort ;)


Mykje godt arbeid er gjort med nøye måling og tilklipping, før stiftearbeidet tek til.


Så vips var alle dei "gamle" blå stolane i lokalet


blitt "nye" da ettermiddagen var over og midnatt også var passert :)

Så no er dei kjekt nøytrale og går nesten i eitt med det grå i rommet, dermed kan blikket virkelig konsentrere seg om fargane i dei flotte produkta som pryder og kjem til å pryde lokalet vårt.

Tusen takk til Scan Aprima for møbelstoff!!



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post27

Nye lokal i kjømda

YmsePosted by Cathrine Yksnøy Wed, October 30, 2013 10:35:45

Vi er så heldige å få annledning til å flytte bort i lette, lyse og vakre nye lokale i "Bruksbutikken", -ei flott gammel byggning som har vore igjennom ein fantastisk restaurering av Inge Kolås. Den ligg midt i Ørsta sentrum i Garvargata 1 og vi skal halde til her:


For ei drøy veke sida hadde vi første flyttesjau laurdag 19.oktober. Da vart stort sett dei fleste møblane og mykje av ting og tang flytta frå dei gamle lokala og over hit. Vi fekk god hjelp med kjøring av Knut Gunnar Aambø som stilte velvillig opp med stor bil :) Ellers tok nokre seg av nedpakking og sending frå gamlelokalet, mens andre var klare til å ta imot på det nye.


Her er eit lite inntrykk av omgivelsane våre litt ut i prosessen. Det står igjen delar av dei gamle murane til "minne om" og som dekorelement. Det er også ein flott lang benk under vindua, denne er eit resultat av at dette ein gong var golvhøgda som no er justert ned for å gje tilstrekkelig takhøgd heile vegen oppover i bygget. Og den gamle muren har derfor fått ei kasse rundt som kan tjene som ein super praktisk løysing.


Her er inngangspartiet som no er under vidare arbeid med forskjellige små planar.

Fargane i rommet er leita fram med utgangspunkt i kva som ein gong har vore her.


Vi avslutta dagen med ei kjekk stund rundt det eine bordet som har komt heilt på plass, med deilig kyllingsuppe m. kvitløksbrød og eplekake til dessert.

Fantastisk!!!!



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post16

Vårdag

YmsePosted by Cathrine Yksnøy Wed, May 08, 2013 15:59:29
Sida det vart slik ein virkelig flott vårdag, -med smak av sommar, var det på tide at krakken som vart til for ei stund sida sammen med meg (Cathrine) og min jr. kom på plass :)


Vi syntes det hadde vore kjekt med litt fargar og ein kjekk plass å kvile seg nedpå for oss i laget eller dei som går forbi oss. Nokre tred av småkratt fekk også plass atmed. Dei vart spraya friskt lys grøne for å lyse opp. Det er greit med slikt som ikkje treng stell og vatn på ein plass det er variabelt kor ofte noken passar på det som er i pottene ;) Men eit flak med skjønn mose i kva potte passar seg sjølv.


Slike tre og mykje meir kan verte resultat etter eit par kveldar på kurset med naturmateriale vi skal ha i sluten av mai.

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post9

Bunadsdokke

YmsePosted by Cathrine Yksnøy Wed, January 16, 2013 21:27:10
Hovedgevinsten i julelotteriet 2012 var ei skjønn bunadsdokke som nokre dyktige damer i laget hadde stått for.


Den vakre sunnmørsbunaden var brodert av Elny Aambø og montert av Astrid Vatne. Skjorta var sydd av Bjørg Øye, og Eli Halsen har hatt eit finger med i spelet for å få broderi påtegna :)

Eit stykke nydelig handarbeid denne dokka!


  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post5

Nyoppretta webside

YmsePosted by Cathrine Yksnøy Tue, October 30, 2012 15:39:06
Arbeidet med eigen nettside tok til siste helga i oktober 2012. Cathrine Yksnøy tok, etter semd med leiar, på seg oppgåva med å utarbeide og administrere webdelen i laget framover.

Vi håper no på at dette kan skape tettare kontakt med den store gruppa av medlemmar vi har :) Ved eit digitalt media kan vi være lettare tilgjengelig for kvar og ein når dei måtte ønske det, og vi håper alle lett kan finne den informasjonen dei er ute etter.

  • Comments(1)//blogg.orstahusflidslag.net/#post0