Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Spinnekurs

KursPosted by Cathrine Yksnøy Mon, May 25, 2015 20:26:35
I mars hadde vi spinnekurs her i laget. Meir info og bilder kjem



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post60

Hekla lampeskjermar

KursPosted by Cathrine Yksnøy Tue, May 06, 2014 10:12:27

Tre onsdagar á 3 timer i mars/april har vi lært å hekle lampeskjermer.

Solveig Grimstad er lagets drevne hekler innen temaet, og har mellom anna hekla dei nydelige skjermane vi har i vindua våre i lagslokalet. Ho fortalte litt om teknikken og hadde med både bilder og skjermar som døme og innspirasjon.


Etter innføring i korleis vi skulle anngripe skjermen kom vi alle godt igang på våre egne. Og det var veldig artig å sjå kor ulike dei kan bli. Her vart skjermar i alle størrelser, i tillegg til dei ulike materialvala -både i kvalitet, tjukkelse og farger :)


Kik innpå Solveig sin blogg om du vil hente innspirasjon, -og hjelp til å lage din egen skjerm!


  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post34

Kort om igjen

KursPosted by Cathrine Yksnøy Thu, December 12, 2013 11:10:47
Det er mange former for gjenbruk, eit av dei er å lage nye ting av postkort.



Og dette er slett ikkje eit resultat av dagens gjenbrukstrend, men eit fantastisk resultat av gammal nøyting -eller ein herlig måte å sette pris på høgt elska minner :)

Elbjørg Lefdal lærte villig vekk teknikken ho har funne på ei skål ein nabo hadde frå gammalt av.




To kveldar i november koste nokre damer seg i dei nye lokala våre med å skape nytt av julekorta sine.

Under er nokre av Elbjørg sine produkt.





  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post24

Naturmateriale

KursPosted by Cathrine Yksnøy Wed, November 13, 2013 17:20:19
Vi har akkurat hatt kurs/verkstad i bruk av naturmateriale i gamlelokala.


Og krans var fokus. Dei som kom hadde med seg ulike materialer/tilfong sjølv. Litt tips og triks først og så var det berre å starte opp. Det er artig å sjå kor ulikt resultatet kan bli avhengig av kva materiale og teknikk ein vel, grovt eller fint og stramt eller leikande.


Her vart også snakka litt om tre av greiner. Og eit lekkert raudt sibirkornelltre med lys i vart til i løpet av kvelden og fleire andre er i kjømda :)



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post23

Siste kveld med skinnkurs

KursPosted by Cathrine Yksnøy Thu, October 17, 2013 12:34:42
Sist tirsdag var siste av tre kvelder med skinnsaumkurs. Etter at alle hadde hatt i heimelekse å felle inn og sy ferdig flatene på sitteunderlaga sine var vi no klare for trykking. Ja, det skal vel sant seiast at dei ferraste hadde greid å halde seg til eit lite sitteunderlag, nokre hadde laga lange nok til fleire bakendar og andre hadde laga opp i tre enkle sitteunderlag -så litt ekstra jobb hadde vi pådratt oss sjølve ;) Men no låg dei i alle fall pent utover borda for å få dekor.

Kurshaldar Linda Hasund gav oss ei innføring i teknikken og små triks og tips rundt det å trykke med treblokker. Og etter litt demonstrasjon var vi klare til dyst.

Og det første trykket var veldig spennande!!!


Kunsten å bruke passe mengde farge og det å ha ei stø hand kan være ei utfordring, spesielt når ein veit at det ikkje er nokon veg tilbake med ein gong ein sett blokka ned på skinnet.


Ei hadde til og med laga si eiga fantastiske trykkblokk i løpet av den perioden vi har hatt skinnkurset, og var no klar til å bruke den for første gong.


Etter at vi var ferdig med trykking fekk vi lære kunsten å feste "brudekant" rundt. Linda hadde forklart og vist tilklipping før og no fekk vi lære sauminga.


Og på nokre av sittunderlaga vart det også trykt/malt på initialer og årstal som siste del av dekor. No er det berre for alle å få sydd kantingane sine og vente dei obligatoriske to vekene på at trykket skal herde før bruk :)






  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post15

Skinnsaum

KursPosted by Cathrine Yksnøy Wed, September 25, 2013 20:31:56

Tirsdag 24. september var første kveld i kurset i skinnsaum. Kurshaldar var Linda Hasund frå Vevarven i Ulsteinvik. Her fekk vi innføring i litt historie kring fell og bruk av fell. Vidare litt om ulike saudetyper og skinnegenskapane før vi var klar for kunnskapen vi trengde for å sette igang med prosjekt "skinnfellsitteunderlag".


Vi fekk vite om hensyn ein må tenke over før ein kan sette igang å klippe/skjære ut biten ein vil bruke, både når det gjeld kvar på skinnet som er best å bruke til kva, sjekking av tjukkt, farge og retning på ulla om ein skal skjøte inn osb. Rett og slett at god planlegging er flott for å nøyte fellen best!



Og etter mønsterlaging og klipping av hoveddel og innfellingsbitane var det klart for saumteori. Og nokre kom også godt igang med det, og vi held vidare fram med det arbeidet neste gong vi møtest :)






  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post14

Heklekurs

KursPosted by Cathrine Yksnøy Thu, March 14, 2013 21:25:12


For tida er husflidslokalet fullt av damer med tråd og heklakroker på torsdagskveldane, i alt 12 timar fordelt over fire kveldar skal dei lære å hekle.



Det er eit nybegynnerkurs og på planen står blandt anna gjennomgang av ulike masketypar, hekle rundt, hekle fram og attende, bestemorruter, auking og felling, samanhekling og montering. Damene har sjølv med seg tilfonget og Solveig Grimstad lærer villig vekk :)



  • Comments(1)//blogg.orstahusflidslag.net/#post6

Kurs i saum

KursPosted by Cathrine Yksnøy Sat, November 24, 2012 19:11:07

Fem torsdagskveldar har seks damer vore på sykurs i lagslokala. Det er Cathrine Yksnøy som har leda kurset som skulle gje innføring i enkle produkt innen saum.





Det starta opp med å bli kjent med symaskina og ulike instillingar, gjekk vidare til enkel saum. Ei veske var første mål, etter det tok dei føre seg det å kunne finne fram i og bruke snittmønster til plagg, enkel tilpassing, tilklipping og saum. Og til slutt var det glidelåssaum som stod for tur :)


Da er det berre å øve vidare heime :)




  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post3