Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Frå Versailles til Valdres

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Thu, November 12, 2015 10:56:59
Onsdag 4.november var det drakt og broderikveld i Aasentunet.


Magny Karlberg har gitt ut boka "Frå Versailles til Valdres -ei drakthistorisk reise" og var denne kvelden i tunet for å ta oss med på litt av draktutviklinga sett i samanheng med stilepokenen ellers i utlandet. Eit intressant foredrag om kva påvirkning dette har hatt for ulike området, og om at dei i veldig ulike grad har latt seg påvirke i det heile sjlv med små geografiske avstander.

Etterpå var det broderikafé og sosialt samvær i kaféen i tunet.

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post76

Oppstart med plantefarging i praksis

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Thu, November 12, 2015 09:50:45
Onsdag 26.august starta vi opp husflidshausten med trivelig stund og plantefarging i praksis ute.

Alle hadde med seg litt garn til for å prøve litt, og nokre hadde tatt med plantemateriale. Vi lagde tre fargebad, eit med løkskal, reinfann og blodbøk som fekk stå å koke så fargen trakk ut. Deretter hespa alle opp ganet og knytte føre slik at det var klart til farging.


Vi nytta oss av ulike hjelpemiddel i området, -nokre meir kreative og større enn andre ;)


Det var spennande å sjå resultatet av kor dei ulike garna trakk fargen ulikt. Til høgre er garnet frå løkskallsuppa, reinfann i midten og svartor til venstre.





  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post72

Tur til Singerheimen

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Wed, June 03, 2015 16:16:36
Laurdag 30. mai vart ein liten gjeng frå laget med Volda husflidslag på tur til Singerheimen.


Der var det omvisning og lunsj, eit lite innblikk på bilda under. Dei vises i større format nederst på sida når du trykker på eit av dei små bilda.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post67

Loddsal

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Mon, May 25, 2015 20:30:39
Koftehelga hadde vi også tombola og loddsal i lokala våre.



Mange flott egevinstar vart lodda ut. Salet på loddbok fortsatte på Amfi etterpå og har trekning på medlemsmøtet i slutten av mai.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post63

Kofteutstilling

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Mon, May 25, 2015 20:30:16
Vi hadde den store koftehelga 18. og 19. april.

Etter ei god periode med planlegging, ønske oss kofter i lokalmiljøet og lage til lokalet var vi endelig klare med ei koftedame som ønskte velkommen utføre døra vår


Vi var så heldige å få låne større delar av den gamle, flotte, restaurerte Bruksbutikken til utstillinga. Så fra lokalet våra kunne ein nyte synet av kofter i trappegangen alle etasjene opp til loftet og i fleire av romma der oppe.


Husflidens "Sunnmørskofte" var vi heldige å få stille ut sammen med mange fleire.


Bilda over er ein smakebit. Vi var veldig glade for det store utvalget vi fekk låne og har laga eit album med bilde av alle koftene her.

Vi hadde også litt omtale i Mørenytt:
Før utstillinga her
Etter utstillinga her



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post62

Adventskafé

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Sat, January 17, 2015 16:43:56
Også i år har vi hatt laurdagar med adventskafé i lagslokala våre. Dei to siste i november og dei to første i desember var det ope frå 11.00-16.00.

Nokre forebuingar måtte til.

Ei gjeng flittige bakarar har fyllt opp med lefser for sal.

Tombola, loddbøker og gevinstar var stilt fram. Loddbøkene hadde det vore sal på dei to siste vekene på Amfi i tillegg.


Butikkdelen hadde tatt form i grønerommet vi no er så heldige å få disponere.


Ein liten pause i klargjeringsarbeidet vart det også


Og etter ein lang dagen før var lokalet endeleg ferdig rydda og klart både inne og ute fredagen før første adventskafé.





  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post48

Vi har fått oss sofakrok!!

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Sat, January 17, 2015 16:21:42
Vi har vore så heldige å fått laga oss ein sofakrok, vart veldig inspirert av voldingane da vi var i det nye lokalet deira.


Ein riktig sjarmerande klassikar har vi fått, med den trengte eit ansiktsløft da det berre var baksida som nesten var inntakt. Og til alt hell fanst orginalstoffet i setet der fortsatt under det "nye" mønstra stoffet. Og ein liten bit av det opprinneliget stoffet i ryggen låg gjemt inni da den vart ribba. Og da fekk selvfølgelig sofaen beholde det opprinnelige stoffet i settet, etter ein alvorlig reingjering. Og ryggen vart trekt opp i ein gråfarge som stemte godt overens med det som hadde vore i der fra start av. Også vart det nye raude knappar i ryggen.

Så var den klar til bruk onsdag 19.november, sammen med to kjekke stolar frå samme tidsperiode.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post47

Strikkekaféar

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Sat, January 17, 2015 15:51:53

I haust har vi forsøkt oss på å åpne lokalet den siste onsdagen kvar månad for alle, både dei som er og dei som ikkje er medlem.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post46
Next »