Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Tur til Norddal

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Sat, January 17, 2015 13:09:55
Laurdag 27.september var det arrangert tur til Norddalen for alle som ønskte å være med.

Dagen starta med eit besøk hos filtmakar Ingunn Krogstad på Haugen gard med innspirerande innføring i filting. Blåbærpai og kaffi vart det også.



Vidare vart det ei stund innom Husflidsutsalet i Valldal før turen gjekk vidare til Melchiorgarden i Norddal. Her vart det servert middag med gardsprodukt.





  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post41

Lyslyktdugnad

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Fri, January 24, 2014 14:17:44

Vi ønsker så gjerne t-lyslykter som viser kva vi er, -nemlig eit husflidslag med mykje kunnskap og trivsel.

Det er mange teknikkar og variasjonar som egnar seg godt til å kle ei lykt!!

-Har du lyst, annledning, eit glas/sylteglas, ein rest tråd og ein teknikk eller fleire å stille med?
-Lag lykter som kan pryde borda i lokalet vårt.
-Heilt fritt spillerom på størrelse og teknikk i fargane kvitt, lyst, natur- og gråtonar.
-Du kan hekle, strikke, sy...
-Men lurt å velge glas det er greit å få t-lysa ned i.



Vi har ikkje satt nokon "tidsfrist", berre ta med lykta/lyktene og finn ein fin plass på bordet når du skal innom. Vi gler oss til å sjå borda pynta med dei ulike resultata!!









  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post29

Julelaurdagane

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Fri, January 10, 2014 10:56:12
Vi hadde seks åpne laurdagar frå 11.00-15.00 i nyelokala våre før jul. Og ein riktig flott start vart det første laurdagen vi hadde åpent 9. november!


Vi hadde mange kjekke stunder har med kafé, tombola, loddsal og sal av husflidsprodukt, og ikkje minst sal av lefsene ein flittig damegjeng hadde baka tidlig i november.

Siste laurdagen var det trekning av alle dei flotte premiene på loddbøkene. Og alt gjekk sjølvsagt korrekt føre seg med leiar Anne Rishaug som styrar over tallskjebna, med både Rigmor Marie Kvalsvik og underteikna som kontrollørar og Evy Aarset som skrivar :)


Deretter var det opprydding og avhenting for "utstillarane" før juleferien tok til.

Solveig Krutnes gjorde ein strålande jobb med å koordinere og ha oversikt over alt frå vakt- og kakelister til utstillarar og utbetaling. Tusen takk!!

Og tusen takk til alle som ellers har bidratt med kaker, gevinstar og tid :)



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post26

Førjulslaurdag

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Fri, November 08, 2013 23:20:28
No er vi klar for første laurdag med førjulskafé. Det er også første dag vi tar i bruk dei nye lokala i den gamle Bruksbutikken i Garvargata 1.


Vi har ope 11.00-15.00, med tombola, loddsal, lefser, sal av husflidsprodukt og kafé.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post22

Lefsebaking

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Sun, November 03, 2013 20:46:16

I går, laurdag var fire damer (Evy Aarset, Anne Rishaug, Rigmor Jørgensen og ) samla i gamlelokala våre for ei økt med lefsebaking. Desse kan ein sikre seg på førjulslaurdagane våre, -lefsen altså ;)


Her var ei utbredt munter stemning med godt sammarbeid og god arbeidfordeling. Vi gler oss til ei kjekk utviding av dette opplegget til neste haust!!!

Og lefsen kan ein kjøpe på dei nye lagsloka kvar laurdag framover frå 9.november til 14.desember for dei som kjem i tide ;)





  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post19

Til inntekt for TV-aksjonen

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Wed, October 30, 2013 22:21:55
I haust fekk laget forespørsel frå Coop lokalt om å bidra til å arbeide ferdig nokre lappetepper.

Coop hadde hatt ein potet- og stofftrykkaktivitet for barn på Amfi og ønskte hjelp til å sy sammen lappane. Vi tok på oss å sy dei sammen, fore og "lett"quilte til tre lappetepper.


Desse vart så auksjonert ut til inntekt for årets TV-aksjon som i år støttar Nasjonalforeninga for folkehelsa og deira arbeid med demenssaka.

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post17

Her er ei!!

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Sat, June 15, 2013 20:48:11

I dag møttes ein liten og engasjert gjeng på Bondalseidet i strålande vær for å lære om sanking av tæger. Arne Ola Grimstad lærte villig vekk og sendte oss på jakt, -på jakt etter dei tynne røtene på bjørkene. Dei er lettare å følge og få opp her på myra. Men det er likevell eit tålmodsarbeid å klare det uten å ryke dei av når dei har vokst avgårde under lyng- og kraftige grasrøter, og Arne Ola sine spesiallaga krokar er super hjelp.


Dei små bjørkene er enklast å få opp slik at røtene forsiktig kan følgast, ofte veks det da ein lang rot som strekker seg mot den fuktige myra og ein mindre andre vegen.


Og det kan ofte være greit å være to om arbeidet når ein finn eit godt potensiale.


Det var stort sett berre bakender å sjå i eit par timers tid ;)


Etter sanking orda Arne Ola med bål og serverte skikkelig turkaffe atmed det vidare arbeidet.


For no var tida inne til å reinske tægene. Det er eit lag raudbrun bark og eit lag med lys innom som må vekk før det tørkar for mykje.


Da bruker ein baksida på knivbladet og eit stykke grovt klede til å skrape. Og til slutt satt vi igjen med lyse fine bjørkerøter som vart vinda sammen, klare til å henge opp til dei skal brukast. Så kan dei bløytast opp og er klare til vidare bruk. Men det er til hausten for vår del :)

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post12

Tombola

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Thu, June 13, 2013 22:09:29

Vi hadde vårtombola sist laurdag, ein dag med mykje vær. Vi rigga oss til med parasoll og det beste vi kunne finne av le ved den gamle aviskiosken.

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post11
« PreviousNext »