Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Hausten 2014 og klargjering av vev

Styret og stellPosted by Cathrine Yksnøy Sat, January 17, 2015 13:03:12
September:
10. Aktivitetskveld
16. Ung husflid startar
17. Aktivitetskveld
23. Ung Husflid
24. Åpen strikkekafé
27. Tur til Norddal
30. Ung Husflid


Oktober:
1. Temakveld i Ørsta "Nupereller"
8. Aktivitetskveld
15. Medlemsmøte "Shetlands ull"
21. Ung husflid
22. Aktivitetskveld
28. Ung Husflid
29. Åpen strikkekafé


November:
4. Ung Husflid
5. Aktivitetskveld
11. Ung Husflid
12. Aktivitetskveld
18. Ung Husflid
19. Aktivitetskveld
22. Adventskafé
25. Ung Husflid
26. Åpen strikkekafé
29. Adventskafé


Desember:
2. Ung Husflid
3. Aktivitetskveld
6. Adventskafé
10. Adventsmøte "Hjertelig"
13. Adventskafé
16. Ung Husflid, juleavslutning



Vi gjer klart for å starte opp med faste aktivitetskveldar for Ung Husflid igjen. Og sida vi har vore så heldige å få nokre snertne små vevstolar i laget skal det lagast til slik at barnegjengen kan få veve også :)

Så i starten av september tok Cathrine annsvaret for å gjere eine veven klar. Og i mangel på rennebom vart det kreativ renning rundt nokre bordbein, bortover ein lang gang og snu rundt eit par stolar på kjøkkenet.



Etterpå var det kjekt å ha hjelpar til å få renninga i veven.



Så er den ferdig hovla, tredd og testa og klar til kreative barn!!




  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post39

Fylkesårsmøte

Styret og stellPosted by Cathrine Yksnøy Mon, March 10, 2014 10:18:46
I helga var det Fylkesårsmøte i Husflidslaget på laurdag og søndag, og i år var Hareid og Ulstein Husflidslag medarrangørar. Og i korte trekk gjekk det føre seg slik:

Etter oppmøte, registrering, utdeling av helgas mappe og ein deilig lunsj var første oppleving ein tur på Ishavsmuseet på Brandal.


Her fekk vi omvisning av ein tidligare ishavsmaskinist, med mange personlige erfaringer og skråblikk.

(om du trykker på dei små bilda kjem dei opp i større utgåve under)

Her var sjølvsagt ei eiga Ragnar Thorseth-avdeling, med scooteren og fleire ting frå den første norske ekspedisjonen til å nå Nordpolen.

Tilbake på hotellet haldt Mona Blindheim foredrag om bunadane og folkedraktene på Sunnmøre i historien og i utviklinga fram til i dag. Og i utstillinga var alle Husflidens rosebunadar representert, i tillegg til nokre gamle variantar og fleire døme på den rekonstruerte folkedrakta. Her var også den svarte mannsbunaden og den rekonstruert, og ein gut og ei jente med barnebunader på.


Deretter fulgte ei økt med strikkeskafé, også iblanda andre teknikkar som hekling og gimping. Ei kjekk økt med god prat og utveksling av idear og erfaringer for dei som ønskte det.

Kvelden gjekk vidare med festmiddag og kaffi, kaker og vakker sang/piano i selskap med klirrande pinnar.

Søndagen starta med årsmøte og alle dets formalitetar, men herlig med eit forum der det meir eller mindre er forventa at det likevell skal klirre litt :) Referatet vert etter kvart å finne på Husflid sine nettsider, her er det berre å logge inn for alle medlemmar og lese.

Det vart dessuten vedtatt at Møre og Romsdal skal søke om å halde landsmøte i 2016.


Vidare gjekk ordet til husflidskonsulenten Randi Hole som informerte om forrige års arbeid og dette års vidare planar. Mellom anna organisasjonskurs i mars, fokuset på Ung Husflid, siste året av totalt 4 med hovedsatsing på 3xf =form, farge, funksjon (meir om dette på hovedsida til Husflid) og det vidare arbeidet rundt Rødlista.

Kurs og kompetanseutvikler i Norges Husflidslag Solveig Torgersen Grinder tok videre opp tråden om Raudelista da ho hadde eit foredrag om utdanninga og muligheitene innen handtverk no og framover.


I tillegg hadde representanter for dei ulike laga tatt med gamle puter til ein utstillingskrok som skulle være til glede og innspirasjon. Her var det ein stor variasjon i form, farge, teknikkar og alder.

Til stades i helga var det 45 representantar med stemmerett, fordelt på 17 oppmøtte lag (av totalt 32 lokallag), styret i fylket, husflidskonsulenten og representanten frå Norges husflidslag.







  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post33

Styret 2014

Styret og stellPosted by Cathrine Yksnøy Wed, February 12, 2014 21:33:31
Da har vi hatt det første styremøtet etter årsmøtet, -altså det første møtet med det nye styret for 2014. Det vil sei, -nytt og nytt.. Vi satt nemlig med ei enkel oppgåve da vi skulle konstituere oss, for vi har akkurat det samme styret som i 2013 og alle har beholdt sine plassar i styret :)


Styret for 2014:

Leiar: Anne Velle Rishaug
Nestleiar: Elin Kolås
Kasserar: Evy Aarset
Skrivar: Solveig Grimstad
Studieleiar: Cathrine Yksnøy
Styremedlem: Arne Ola Grimstad og Solveig Karin A. Krutnes
Varamedlem: Rigmor Jørgensen og Anne-Marie Sæbønes
Nettansvarleg: Cathrine Yksnøy
Valnemd: Eli Halsen og Rigmor Marie Kvalsvik

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post30

Kort om våren 2014

Styret og stellPosted by Cathrine Yksnøy Fri, January 17, 2014 11:38:24

Vi er no vel på plass i nyelokalet, alt småtteriet her og der kommer også i orden etter kvart.


Aktivitetskveldane på onsdagane 19.00-21.00 er igang igjen.

Alle vevane har no komt til lokalet og damene i vevgruppa har også fått starte med å finne seg tilrette.

Vi ser eit spennande år imøte med mykje aktivitet.

I år vert ull eit stort tema. Vi kan få følge heile prosessen frå sau til ferdig produkt i løpet av 2014 for dei som ønsker det, mens dei som vil kose seg med delar av dette står fritt til å være med etter eget ønske :)
Det er nemlig planlagt både ein sosial tur på Raudøya med innspel av sau, ull og starten til heile ulleventyret, eit spinnekurs, plantefarging og vidare eit kurs/studiesirkel for å kunne lage eit produkt av ulla ein har spunne og farga (eller anna ull).

Vidare er det duka for eit spennande sammarbeid med Volda husflidslag om temakveldar. Det vert starta opp med utgangspunkt i den tredje onsdagen i månaden, og laga vil ha vekselvis ansvar for kvar sin. Vi satsar på å få til felleskjørig.

I slutten av juni skal vi ha eit sammarbeid med Brudavollen for barn.


Og det vert sjølvsagt eit par medlemsmøter.


Vårplan, -kortfatta oversikt

For meir info om dei ulike aktivitetane må du kike inn på sidene for kurs, medlemsmøter og aktivitetar.

Januar:

15. Aktivitetskveld

22. Aktivitetskveld

29. Årsmøte

Februar:

5. Aktivitetskveld

12. Aktivitetskveld

19. Aktivitetskveld

26. Temakveld "Ruter" i Ørsta, saman med Volda husflidslag.

Mars:

5. Medlemsmøte. Tema: Gjenbruk m/Randi Langeland Mork

12. Aktivitetskveld + Studiesirkel dag 1: Hekle lampeskjerm

19. Aktivitetskveld + Studiesirkel dag 2: Hekle lampeskjerm

26. Temakveld "Vottar" i Volda, felleskjøring

April:

2. Aktivitetskveld + Studiesirkel dag 3: Hekle lampeskjerm

9. Aktivitetskveld

23. Temakveld i Ørsta, saman med Volda husflidslag

30. Aktivitetskveld

? Spinnekurs

Mai:

7. Medlemsmøte

14. Aktivitetskveld

21. Temakveld "Gryteklutar"i Volda, felleskjøring

24. Vårlotteri

26. Kurs – dekorasjonar i naturmateriale

28. Aktivitetskveld

Juni:

? Dag på Raudøya. Tema: Ull!

24.–26. Aktivitetsveke for born på Brudavollen (Under planlegging)









  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post28
« Previous