Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Vevstova

VevstovaPosted by Cathrine Yksnøy Thu, November 12, 2015 09:26:05
Det er aktivitet med ulike bindingar på fleire av vevstolane no i mai også.


Her er tavlebragd i sarte pastellar og holbragd i tradisjonsrike fargar


Den lille veven med brikker i tynn tråd i dreilsbinding er også klar til små kunstverk.





  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post68

Tur til Singerheimen

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Wed, June 03, 2015 16:16:36
Laurdag 30. mai vart ein liten gjeng frå laget med Volda husflidslag på tur til Singerheimen.


Der var det omvisning og lunsj, eit lite innblikk på bilda under. Dei vises i større format nederst på sida når du trykker på eit av dei små bilda.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post67

Plantefarging

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Thu, May 28, 2015 09:39:21
Onsdag 27. mai hadde vi vårens siste medlemsmøte og hadde også denne gongen planlagt tema som kan passe til Norges Husflidslags fokustema "Ull" med å ha litt om plantefarging.


Cathrine Yksnøy gav eit innblikk i bruk av fargestoff frå naturen. Det vert ofte omtalt som plantefarging, men er litt misvisande da det opp gjennom tidene, og fortsatt er nytta fargemateriale fra både planter, lav, sopp og enkelte dyr.

Vi fekk vite litt om bruken og utviklinga innafor dette temaet gjennom tidene, både på verdensbasis og her til lands. Dei eldste funna er datert tilbake 4000 år i Østen og Egypt, mens vi her i Norge finn spor tilbake til tidlig vår tidsrekning.

Vidare fekk vi høre om kva fargeemne vi bruker for å få dei ulike fargane. Spesielt spennande var det nok å høre om den unseelige kvit/grå laven -korkje som vi tråkkar på rundt om på steinane her ute ved kysten. Den kan gje ein fantastisk rosafarge, og i og med at den har vore så lett tilgjengelig her har den hatt ein viktig plass i åkletradisjonen er på Vestlandet. Dette var også ein av dei få eksportartiklane til farging av tekstilar vi hadde her i Norge. I følge tolldokument har denne utenlandshandelen foregått i alle fall frå tidlig 1300-talet og vedvarte til ut på 1800-talet.

Ein link til ei sider der ein kan sjå fargen og korleis ein framstiller den her

Dernest vart det litt info om å forebu ullgarnet til farging med vask, beising og forknyting.

Så no gler vi oss til å kunne starte opp hausten med ein dag i tradisjonsrike omgjevnadar og prøve litt av dette i praksis ein onsdag med fokus på trivsel og sosialt samvær. Meir info om denne dagen kjem på heimesida vår og facebook på seinsommaren.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post66

17.mai

YmsePosted by Cathrine Yksnøy Mon, May 25, 2015 22:08:27

Det vart pynta på husflidsvis i eine vinduet våra

  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post65

Ung Husflid

Ung HusflidPosted by Cathrine Yksnøy Mon, May 25, 2015 21:23:52
Denne våren har jentene i Ung husflid-gruppa sydd vidare med lappeteknikken sin.


Små prosjekt har blitt fullført





  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post64

Loddsal

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Mon, May 25, 2015 20:30:39
Koftehelga hadde vi også tombola og loddsal i lokala våre.



Mange flott egevinstar vart lodda ut. Salet på loddbok fortsatte på Amfi etterpå og har trekning på medlemsmøtet i slutten av mai.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post63

Kofteutstilling

AktiviteterPosted by Cathrine Yksnøy Mon, May 25, 2015 20:30:16
Vi hadde den store koftehelga 18. og 19. april.

Etter ei god periode med planlegging, ønske oss kofter i lokalmiljøet og lage til lokalet var vi endelig klare med ei koftedame som ønskte velkommen utføre døra vår


Vi var så heldige å få låne større delar av den gamle, flotte, restaurerte Bruksbutikken til utstillinga. Så fra lokalet våra kunne ein nyte synet av kofter i trappegangen alle etasjene opp til loftet og i fleire av romma der oppe.


Husflidens "Sunnmørskofte" var vi heldige å få stille ut sammen med mange fleire.


Bilda over er ein smakebit. Vi var veldig glade for det store utvalget vi fekk låne og har laga eit album med bilde av alle koftene her.

Vi hadde også litt omtale i Mørenytt:
Før utstillinga her
Etter utstillinga her



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post62

Temakveld "Hakking"

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Mon, May 25, 2015 20:29:45
Onsdag 8.april var vi invitert på temamøte om hakking hos Volda husflidslag

For dei som hadde lyst til å prøve var det berre å ha med seg egna utstyr for testing etter gjennomgang av teknikken.


  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post61
« PreviousNext »