Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Fylkesårsmøte

Styret og stellPosted by Cathrine Yksnøy Mon, March 10, 2014 10:18:46
I helga var det Fylkesårsmøte i Husflidslaget på laurdag og søndag, og i år var Hareid og Ulstein Husflidslag medarrangørar. Og i korte trekk gjekk det føre seg slik:

Etter oppmøte, registrering, utdeling av helgas mappe og ein deilig lunsj var første oppleving ein tur på Ishavsmuseet på Brandal.


Her fekk vi omvisning av ein tidligare ishavsmaskinist, med mange personlige erfaringer og skråblikk.

(om du trykker på dei små bilda kjem dei opp i større utgåve under)

Her var sjølvsagt ei eiga Ragnar Thorseth-avdeling, med scooteren og fleire ting frå den første norske ekspedisjonen til å nå Nordpolen.

Tilbake på hotellet haldt Mona Blindheim foredrag om bunadane og folkedraktene på Sunnmøre i historien og i utviklinga fram til i dag. Og i utstillinga var alle Husflidens rosebunadar representert, i tillegg til nokre gamle variantar og fleire døme på den rekonstruerte folkedrakta. Her var også den svarte mannsbunaden og den rekonstruert, og ein gut og ei jente med barnebunader på.


Deretter fulgte ei økt med strikkeskafé, også iblanda andre teknikkar som hekling og gimping. Ei kjekk økt med god prat og utveksling av idear og erfaringer for dei som ønskte det.

Kvelden gjekk vidare med festmiddag og kaffi, kaker og vakker sang/piano i selskap med klirrande pinnar.

Søndagen starta med årsmøte og alle dets formalitetar, men herlig med eit forum der det meir eller mindre er forventa at det likevell skal klirre litt :) Referatet vert etter kvart å finne på Husflid sine nettsider, her er det berre å logge inn for alle medlemmar og lese.

Det vart dessuten vedtatt at Møre og Romsdal skal søke om å halde landsmøte i 2016.


Vidare gjekk ordet til husflidskonsulenten Randi Hole som informerte om forrige års arbeid og dette års vidare planar. Mellom anna organisasjonskurs i mars, fokuset på Ung Husflid, siste året av totalt 4 med hovedsatsing på 3xf =form, farge, funksjon (meir om dette på hovedsida til Husflid) og det vidare arbeidet rundt Rødlista.

Kurs og kompetanseutvikler i Norges Husflidslag Solveig Torgersen Grinder tok videre opp tråden om Raudelista da ho hadde eit foredrag om utdanninga og muligheitene innen handtverk no og framover.


I tillegg hadde representanter for dei ulike laga tatt med gamle puter til ein utstillingskrok som skulle være til glede og innspirasjon. Her var det ein stor variasjon i form, farge, teknikkar og alder.

Til stades i helga var det 45 representantar med stemmerett, fordelt på 17 oppmøtte lag (av totalt 32 lokallag), styret i fylket, husflidskonsulenten og representanten frå Norges husflidslag.







  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post33