Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Temakveld "PYNTEHANDKLE"

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Tue, May 06, 2014 11:03:52
Onsdag 23. april var det igjen temakveld her i husflidslokala.


Denne kvelden var temaet pyntehandkle. Heile lokalet var bokstavlig talt fullt av hankle, dei hang over alt. På hyssingrekker på veggen, på stokkar mellom hyllen, på rør i taket, på vevane, ja -rett og slett over alt. Vakre pyntehandle i ulike teknikkar, fargar og aldre. Her var aplikerte, vevde og broderte. Nokre kvitt på kvitt, andre farge tråd mot lyst stoff og enda andre i fargerike stoff med fargerike broderi. Eit fantastisk mangfold av eignalutar som vanligvis hører heime blandt medlemma her i Ørsta husflidslag.



Leiar Anne åpna med eit kort historisk innblikk om navnet og bruken av pyntehandle, før Ellen Johansen fortalde om tidligare vask og stell av tekstilar. Ho fortalde om tida da alt var manuelt, om tiltak for å forenkle og lette arbeidet med vasken og vidare om da den første vaskemaskina kom i hus her i Ørsta. Vi fekk høre korleis den virka, og litt om den vidare utviklinga og moderniseringa av maskinene.


Etterpå vart det kaffispleis, loddsal og muligheit til å studere dei flotte handdukane.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post36