Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Spinnville dagar

Ung HusflidPosted by Cathrine Yksnøy Sat, January 17, 2015 12:23:05

Første veka i sommerferien arrangerte vi i samarbeid med Brudavolltunet "Spinnville dagar". Dette var eit tilbud om praktisk aktivitet og læring av ulike husflidsteknikkar på dagtid for barn i 4.-7. klasse.



Så 24.-26. juni var 30 jenter og gutar samla i flott vær i det nydelige tunet. Dei fekk prøve seg på mange ulike aktivitetar som td spinning, spikking, lysdypping og tautvinning. Mange glade barn hadde laga flotte produkt etter desse tre kjekke dagane.




Her er nokre bilder frå første dagen

Eit fantastisk flott arrangement som gjekk strålande takka vere ein god gjeng med husflidsmedlem som stilte opp og planla, lærte villig vekk, laga mat og organiserte.


Og her er omtalen som var i MøreNytt






  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post38