Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Plantefarging

MedlemsmøterPosted by Cathrine Yksnøy Thu, May 28, 2015 09:39:21
Onsdag 27. mai hadde vi vårens siste medlemsmøte og hadde også denne gongen planlagt tema som kan passe til Norges Husflidslags fokustema "Ull" med å ha litt om plantefarging.


Cathrine Yksnøy gav eit innblikk i bruk av fargestoff frå naturen. Det vert ofte omtalt som plantefarging, men er litt misvisande da det opp gjennom tidene, og fortsatt er nytta fargemateriale fra både planter, lav, sopp og enkelte dyr.

Vi fekk vite litt om bruken og utviklinga innafor dette temaet gjennom tidene, både på verdensbasis og her til lands. Dei eldste funna er datert tilbake 4000 år i Østen og Egypt, mens vi her i Norge finn spor tilbake til tidlig vår tidsrekning.

Vidare fekk vi høre om kva fargeemne vi bruker for å få dei ulike fargane. Spesielt spennande var det nok å høre om den unseelige kvit/grå laven -korkje som vi tråkkar på rundt om på steinane her ute ved kysten. Den kan gje ein fantastisk rosafarge, og i og med at den har vore så lett tilgjengelig her har den hatt ein viktig plass i åkletradisjonen er på Vestlandet. Dette var også ein av dei få eksportartiklane til farging av tekstilar vi hadde her i Norge. I følge tolldokument har denne utenlandshandelen foregått i alle fall frå tidlig 1300-talet og vedvarte til ut på 1800-talet.

Ein link til ei sider der ein kan sjå fargen og korleis ein framstiller den her

Dernest vart det litt info om å forebu ullgarnet til farging med vask, beising og forknyting.

Så no gler vi oss til å kunne starte opp hausten med ein dag i tradisjonsrike omgjevnadar og prøve litt av dette i praksis ein onsdag med fokus på trivsel og sosialt samvær. Meir info om denne dagen kjem på heimesida vår og facebook på seinsommaren.



  • Comments(0)//blogg.orstahusflidslag.net/#post66