Ørsta husflidslag

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Skilbragd

VevstovaPosted by Cathrine Yksnøy Wed, May 22, 2013 22:36:58

I vevstova var siste oppsette vev tatt i bruk :)

Det har over ei periode vore gjort ein strålande innsats for å sette opp ein vev med skilbragd i. Dette er ein teknikk der ein vever med ein underbinding i lerret i tillegg til ein mønsterbinding. Ein nyttar ofte tynn bomullstråd i renninga med innslag i bomull eller lin i lerreten og gjerne ull i mønster. Alle trådane må hovlast fleire gongar, først i lerretsbindinga og etterpå i mønster over fire skaft. Og som om ikkje det er nok må ein tre nesten kvar tråd på fleire av mønsterskafta. Så det er eit tidkrevande arbeid med full konsentrasjon, men for eit vakkert resultat det vert etterpå!!

Etter noko plunder med skillet i veven er den no altså i gang, og vi gler oss til å sjå alle dei vakre teppa som kjem ut av dette oppsettet

  • Comments(0)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.